Å leva i en landsby

Tekst: Elisabeth Husebø. Foto: Lars Erik Crozier.
Opprinnelig publisert i Landsbyliv nr. 40

Då eg var 17, var eg ung og revolusjonær. Eg arbeida politisk, og tilbrakte mange kveldar over eit glas øl, med å drøfte kor flott alt skulle bli etter den raude revolusjonen.

Så fekk eg høyre om Hogganvik Landsby. Eit fellesskap som hadde eksistert i fire år allereie! Eg var imponert – frå før av kjente eg berre til nokre studentkollektiv, og dei hadde gjennomsnittlig levetid på eitt til to år.

Endå meir imponert var eg over at dei ikkje berre satt og venta på revolusjonen, men berre begynte å leve slik dei fant det riktig: behovslønn hadde dei! Det å yte etter evne og få etter behov var ikkje berre et slagord, men noko dei levde ut i praksis!

Dette var ein stad eg måtte sjå, så eg drog dit for ein månad på sommaren. Utviklingshemma hadde eg ikkje noko kjennskap til før eg kom dit, og religion hadde eg gjort meg ferdig med (trudde eg). Men det var noko med dette å leve ut ideal som greip meg djupt.Neste vinter dreiv eg ein studiegruppe for partiet. Der drog eg stadig vekk fram eit eksempel på korleis vi skulle få det etter revolusjonen, og eksempelet var Hogganvik. Eg fekk visst ikkje verva eit einaste partimedlem, men til gjengjeld fekk eg verva ein medarbeidar for landsbyen!

Etter gymnaset drog eg sjølv til Hogganvik for eit år. Både då eg besøkte Hogganvik meir eller mindre regelmessig medan eg gjekk ferdig gymnaset, og i det året eg var der, utvida biletet seg av kva landsbyen var: Biodynamisk jordbruk. Kvaliteten av handverk, og korleis ein kunne utvikla seg som menneske ved å utøva det. Ei tilnærming til religion som var bortanfor alt eg før hadde opplevd, men der eg samstundes kjende meg heilt fri. Tregreiningstanken, som ein prøvar å leva etter: fridom i åndslivet, likskap i det sosiale, brorskap i det økonomiske. Reinkarnasjonstanken, det trefaldige mennesket, det firfaldige mennesket, dei tolv (!) sansane – her var det meir enn nok utfordring og næring for tankane!

Elisabeth på veg mot Fjellheimen Leirskule
Begge foto: Elisabeth i Botton Village, England.

På den tida kom der mange menneske til landsbyane frå dei gamle sentralinstitusjonane. Eg var fasinert av den utviklinga ein kunne sjå at dei gjekk igjennom berre på dei første månadene i landsbyen – dette antroposofiske menneskesynet, som utdjupa korleis og kvifor alle menneske er likeverdige, det såg ut til å verka slik at dei som blei møtt med det, vart heilare menneske, fekk tru på seg sjølv og sitt eige verd.

Og så fekk eg jo veta at Hogganvik ikkje var så unik som eg trudde då eg først høyrde om det; der fantes fleire landsbyar i Noreg, og Camphill-rørsla omfatta mange både landsbyar og skular rundt om i verda.

Eg vart klar over i løpet av det året på Hogganvik, at her hadde eg funne det eg ville gjera på her i livet. Men eg syntest enno at eg var for ung til å gå heilt og fullt inn i dette, og så ville eg gjerne læra meg noko som eg kunne tilby ein landsby, så eg tok eit par år med grunnleggande kunstog handverksutdanning. Så kjende eg meg klar til å dra ut i verda:

Eg kom til Botton Village i England, verdens første Camphill-landsby, den starta i 1955, 15 år etter den første Camphill-skolen. Det er den største landsbyen også: der budde over tre hundre menneske der, der var fem gardar med kvar sitt nabolag rundt, og det var eit par kilometer å gå frå eine enden av landsbyen til den andre.

Eg var jo framleis ikkje så veldig gamal, men eg opplevde å bli møtt med stor respekt, og eg fekk utfordringar eg kunne vekse på. Eg hadde på førehand sagt ja til å leda ein verkstad for glasgravering (eg visste ikkje kva det var for eit handverk, så det måtte eg jo berre dra og finne ut av), og etter nokre månader med opplæring trakk meisteren seg tilbake og ga over ansvaret til meg. Ho fanst alltid der om eg trong til å spørja om noko, men blanda seg aldrig inn når ho først hadde gjeve frå seg ansvaret. Det er ei kunst eg har prøvd å få til når eg sjølv gjev frå meg oppgåver, men eg veit ikkje om eg lukkast like godt som gamle Marta.Og ein gong, då eg kom med forslag til eit skodespel vi kunne gjera til påske, sa dei «Flott! Då vert du regissør!» Der var mange med mykje erfaring frå regiarbeid i landsbyen, men likevel fekk altså «grønskollingen» eg denne oppgåva, og den hjelpa og støtta eg trong til å utføra den!

Sidan har det etter kvart blitt mange år, i fleire landsbyar, i ymse land, og etter 33 år kom eg tilbake til Hogganvik igjen, der eg starta. Oppgåvene har variert, frå handverk til hushald, frå kulturaktivitetar til administrasjon.

Når folk høyrer kva eg driv på med, hender det at eg får som reaksjon at eg må vera eit usedvanleg godt menneske som har ofra livet mitt for menneske med ekstra omsorgsbehov. Det er ikkje akkurat slik eg opplever det sjølv: eg har alltid fått driva på med det eg ville, og eg får minst like mykje igjen som det eg gjev. Berre tenk å kvar dag få komma til eit ferdigdekka frukostbord, ordna til av ei som heile sitt liv offisielt har vore ufør for arbeid, og som no i tillegg er pensjonist!